Målet var å få minstejenta kjapt inn i flyet slik at vi rakk å fjerne den businessen som var gjort i bleia. Raskt. På ein trong flydo. Før vi tok av frå rullebana på Vigra.
EXIT SERVICE. Det var berre å gløyme heile greia. Odøren hang oppunder bagasjehyllene i kabinen over Jotunheimen, Valdresflya og innover mot Mjøsa før bleia dumpa ned i ei bosskorg på Gardermoen.
Med tørr bleie på 2-åringen, var det berre å stille seg i enden av ein ny kø. No var det 4-åringen som byrja å få nok av ventinga – og vi skjøna henne så godt. Tålmodet var satt på ei altfor stor prøve, og smårollingane gav berre uttrykk for det vi vaksne også tenkte: Vi var drit leie, vi også, av det totale fråveret av service og køkultur som har ramma nasjonen.
“Nei, det er lenge sidan vi slutta med det”, svarte dama på Vigra då vi spurde om det var mogeleg å få sleppe først inn på flyet med trøytte småungar på armane. Slikt driv vi ikkje med, må vite.
Etter mange timar om bord på flyet vidare frå Gardermoen, vel framme i eit såkalla underutvikla land, sto vi plutseleg i kø att. Men berre i ein augneblink. Brått vart vi vinka ut av køa og tatt med forbi folkemassen som venta utanfor passkontrollen.
“De kan komme her, vi opnar luka her. De har jo born”, sa vaktmannen og tok fram eit smil. Vekk var alle olbogane, arbeidskarane med spisse koffertar, damene med slengande vesker, studentane med piskande sekkereimer. Flokken som trampar i takt med Darwin, utan å sjå ned på ungar, handikappa og anna heft: Der den sterkaste kjem først til flytrappa.
Kvifor oppfører vi nordmenn oss som bøflar? Og kvifor er det dei største dyra i flokken som er verst? Det er nemleg ikkje ungdommen som peikar seg negativt ut. Dette er ikkje ei generasjonsgreie, der unge gjer opprør mot noko etablert ved å gi blaffen i normer og reglar for sosial framferd. Det er snarare ein ukultur som er etablert, der det er godt vaksne og ofte eldre som snik i køar, avbryt og trengjer seg fram utan omsyn. Du ser det på flyplassane, på perrongane, i butikkane og på venteplassar.
Kor ofte – når du står og pratar med ein ekspeditør på ein butikk – har du ikkje opplevd at nokon kjem inn frå sida og berre avbryt det du held på med for å stille eit spørsmål eller be om ei teneste? Å vente på tur ligg ikkje lenger for folk.
Det er vel og bra å vere fremmeleg, men dette er noko anna. Det handlar ikkje om nysgjerrig initiativ, det handlar om å ta seg til rette på kostnad av andre. Eg tenkjer at det ligg noko grunnleggjande i dette, at det ikkje kan vere tilfeldig, men er så gjennomsyra no at det seier noko om oss nordmenn, rett og slett. At det har vorte eit karakteristika. Bra er det i så fall ikkje.
Den vesle barnerumpa ved reisa si ende, er kan hende eit symbol på noko. Har vi ei sår bakside ved samfunnet vårt, som ikkje luktar heilt bra?

Problemet er ikke for dårlige veger til Østlandet. Problemet er flyttelassene som ruller over fjellet. Når skal det bli mulig å reise nordover og sørover?


